SIL G13 på Hessa Cup i helga
Surnadal G13 deltok i helga på Hessacup i Ålesund.
Dette er ei av landets aller største turneringar for aldersbestemte lag, og vart arrangert for 31. gong rad i år.
Det var vår aller første turnering med overnatting, og forventningane var sjølvsagt store. Med godt og vel 250 påmeldte lag var det ein spent gjeng som dro i veg til sunnmørsbyen fredag ettermiddag. Vel framme vart vi innkvartert på Aspøy skule midt i Ålesund sentrum i lag med over 1000 (!) andre cupdeltakarar! Knall kjekt!
På laurdag vart det flott temperatur og lett overskya ver; Eit perfekt fotballcup-ver, med andre ord. Vi vann første kampen overbevisande 5-1 mot Valder, medan kampen vår mot SIF ønskjer vi i grunnen ikkje å skrive heim om! Her hadde vi rett og slett ikkje dagen, og tapte 7-3.
I siste kamp på laurdag tapte vi med knappe 2-1 mot KHF/GRY/AK. Dette var ein svært tett, hard og spanande kamp som lett kunne fått eit meir positivt og anna utfall til vår fordel. Denne kampen viste SIL-gutane våre kva dei er gode for og at her er det fleire spelarar som vi kjem til å både sjå og høyre meir i frå i åra som kjem!
Grunna noko svak plassering i gruppa vart det berre ein kamp søndag, men også i denne kampen, som var mot puljevinnar Tiller, varta vi opp med retteleg mesterleg spel! Stolte surn’dals’gutar slo Tiller 2-1, og da var det ekstra artig å vere i heiagjengen på sidelina! Berre breie glis å sjå da motstandarane kom bort til oss etter kampen for å skryte av både innsats, vilje til å vinne og gode spelarar!
Ei erfaring rikare drog vi småslitne heim utpå dagen søndag, men må nok innrømme vi hadde nok fortent ei betre plassering i pulja.
Desse spelarane deltok: Tore Næss, Thabani N’cube, Ingebrigt Løfaldli, Vetle Kvande, Erik Skogheim, Geir Bævre, Erlend Ulvestad, Trond Kim Guttormsen og Kristoffer Berset.
Heia SIL G13!
#FORUM#
27. august 2012