D3_220x165

Kampreferat Kårvåg/ Havørn - D3 07.05.2011

Sterk borteseier i serieopninga.
Surnadal starta forrykande, og Sara Fiske Nes scora sesongens første mål etter 4 minutt. Heimelaget hadde nok med å forsvare seg utover omgangen. Surnadal kjørte kampen med stort tempo og fine kombinasjonar.
Først var Sara Fiske Nes heilt i gjennom , men ballen gjekk like utanfor. Gry Norshusstuen var frampå med eit farleg skot, og laget spela seg til fleire cornerar og frispark i farlege posisjonar. Etter ein halvtime scora Liv Dannevig etter eit fint gjennomspel av Gry Norsshusstuen. Like etter var Liv Dannevig gjennom på nytt, utan å få utteljing. I det 39. minutt scora Liv Dannevig sikkert etter ein korrekt i dømt straffe.
Dei siste minutta av omgangen kom heimelaget litt inn i kampen. I omgangens siste minutt var dei heilt i gjennom, men ein god keeper, Mari Bøe, sørga for at det stod 0 – 3 til pause. Heimelaget starta friskare etter pause og hadde initiativet det første kvarteret. Dei reduserte til 1-3 etter ein times spel.
Det unge Surnadalslaget forstod alvoret og kjempa seg inn att i kampen. Dette førte til mange sjansar. 1- 4 kom etter at Berit Bolme fekk ballen i fin posisjon, vende bort 2 motspelarar og scora sikkert i lengste hjørne. Så var det Gry Norshusstuen som la på til 1 – 5. Like etter dribla Mari Smevoll seg heilt i gjennom, men ballen ville ikkje i mål. Så var det Malin Livoll Schei sin tur med ein susar like over, før ho fastsette sluttresultatet til 1- 6 like før full tid.

Etter ei så flott serieopning, gler vi oss til førstkomande laurdag. Da kjem Bud/Elnesvågen til Syltøran for å kjempe om poenga. Vi håpar på mykje publikum, stor stemning og eit Surnadalslag som vil kjempe hardt og spele like godt som i dag.

Laget: Mari Bøe, Camilla Kvande, Kari Røkkum, Ingrid Dannevig, Kristine Flo Halle, Malin Livoll Schei, Gry Norshusstuen, Mari Smevoll, Hanne Heggset, Liv Dannevig, Sara Fiske Nes, Berit Bolme, Ingrid Kvendset Hagen, Magnhild Bævre

Kristen Halle
lagledar
#FORUM#

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva