D3 mot Bud_200x150

Kampreferat D3 -Bud/ Elnesvågen

Kampen gikk på Syltøran søndag 14.mai.
Bud/Elnesvågen vart for sterke på Syltøran. Bortelaget pressa hardt og vann dei fleste duellane dei første minutta, men etter 5 minutt var Malin Livoll Schei igjennom, - ballen gjekk like utanfor.
Bud/Elnesvågen fortsette kjøret og fekk to raske mål før 10 minutt var gått. Etter dette jamna kampen seg ut, og vi fekk farlege situasjonar framfor begge måla. Det skulle vise seg at det var cornerane som avgjorde denne kampen. Etter ein halvtime vart det 0-3 på ein fint slått corner. Like etter etter reduserte Berit Bolme, etter eit fint innlegg frå Malin Livoll Schei.
Kampen stod no og vippa, men nok eit cornermål og eit fint langskot sende gjestane opp til 1- 5 like før pause.
Heimelaget fekk ein god start på 2. omgang, og hadde initiativet i kampen. Hanne Heggset scora på eit fint gjennomløp i det 55. minutt, etter ei flott pasning frå Sara Fiske Nes. Like etter var bortelaget frampå med eit farleg frispark, som keeper, Mari Bøe, mesterleg fekk slått til corner. Corneren resulterte i 2 – 6.
Sara Fiske Nes var farleg frampå fleire gonger utover omgangen. Ein gong runda ho keeper, men med litt spiss vinkel ville ikkje ballen i mål. Like før dommaren blåste av kampen, sette Malin Livoll Schei eit frispark like over.
Surnadals unge lag var hardt kjørt i starten av kampen, og vart skikkeleg straffa på cornerar. Utover kampen såg vi likevel positive tendensar, som vi vil ta med oss vidare i sesongen. Dagens Sil-spelar: Mari Bøe.

Laget: Mari Bøe, Camilla Kvande, Kari Røkkum, Anne Bøe, Kristine Flo Halle, Malin Livoll Schei, Ingrid Kvenset Hagen, Liv Dannevig, Hanne Heggset, Malin Mossing, Berit Bolme, Sara Fiske Nes, Gro Jeanette Gjørsvik, Maren Mossing

Kristen Halle
lagledar
#FORUM#

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva