G8 i gang
Endeleg er ventetida over!
Surnadal G8 hadde ein etterlengta sesongstart 19. mai. 13 spelarar, fordelt på to lag, dro til Trollbanen for å vise rindalingar korleis vi surn’dalingar kan spele fotball.
Det vart avvikla tre kampar for dei to G8-laga våre, og begge lag viste stor innsats og speleglede.
Publikum fekk servert tette kampar med mykje fart, litt nasablod, artige finter og tett driv.
Ekte fotball med berre tøffe spelarar altså! Det var med grønske på knea og store smil vi trilla heimatt litt utpå kvelden.
Vi gler oss allereie til neste kamp.
Heia Surn’dal’n!
Marina KF
Lagleiar SIL G8



#FORUM#