DSC_0908

Flott siste verdenscupdag på Nordmarka

Søndag stod skiskyting, normaldistanse på programmet under IPC Nordic Skiing World Cup i Surnadal. Det vart ein dag dominert av Ukraina, medan heimeyndlingen Nils-Erik Ulset var svært nære seier.

Første klasse ut under skiskyting, normaldistanse søndag var synshemma, og for kvinnene vart det ukrainsk seier til Olga Prylutska og guide Borys Babar. Ho skaut berre på seg totalt eitt tilleggsminutt på dei fire skytingane, og fullførte på 40.30.6.

Russiske Elena Remizova (ein bom) og guiden Maksim Pirogov tok andreplassen på 41.00.1, medan tyske Vivian Hosch skaut feilfritt og vart nummer tre med 41.10.5, saman med guiden Florian Schillinger.

Ny seier til Chokhlaev

På herresida vart det ny seier til russiske Stanislav Chokhlaev og guide Evgenii Fatkhullin, etter feilfri skyting og bra fart i sporet. Han kom inn på 40.17.4, medan landsmannen og verdenscupleiaren Nikolay Polukhin (0 bom) tok andreplassen på 41.13.3, saan med guide Andrey Tokarev.

Dermed vann Polukhin verdenscupen samanlagt, framfor nettopp Chokhlaev, som søndag tok sin tredje seier av fem mulege i Surnadal.

Suverene Kononova

Oleksandra Kononova frå Ukraina vann seks gull av seks mulege under VM i Cable (kvinner, ståande) tidlegare i år, og ho har og fire gull frå Paralympics. Søndag vann ho sitt fjerde løp av fem mulege under verdenscupfinaleveka, etter at ho traff med 18 av 20 skot og kom i mål på 39.46.2.

Den canadiske verdenscupvinnaren i langrenn, Brittany Hudak, tok ein sterk andreplass, etter at ho pådrog seg eitt tilleggsminutt. Hudak fullførte dei 12,5 kilometrane på 41.36.6, medan Liudmyla Liashenko, som slo lagvenninna Kononova på jaktstarten fredag, vart nummer tre på 43.16.6. Liashenko gjekk raskt i sporet, men bomma fem gonger.

Dramatisk i herreklassa

I klassa for herrer vart det dramatikk, då heimehåpet Nils-Erik Ulset (ein bom) og ukrainske Ihor Reptyukh (tre bom) vart involverte i ein sekundstrid om seieren. Ulset hadde eit drøyt halvminutt å  gå på ut frå siste skyting, men Reptyukh avslutta forrykande og var eitt sekund framfor tingvollgjeldingen i mål, trass ein stor tilhengarskare som heia fram Ulset på oppløpet.

Det vart imidlertid dramatisk like etter, då det etter eit jurymøte vart meldt at Reptyukh vart diska for å ha avfyrt seks skot på siste skyting. Dermed vart Ulset utropa til vinnar, og det vart stor jubel i målområdet.

Få minutt seinare kom det så ny kontrabeskjed, etter at det vart klart at Reptyukh hadde teke seks ladegrep, men berre fyra av fem skot. Dermed vart dei opprinnelege resultata ståande, og det vart dermed ein ny andreplass på Nils-Erik Ulset.

Russiske Vladislav Lekomtcev, som vann verdenscupen samanlagt i både langrenn og skiskyting, vart nummer tre etter tre bom.

48 av 50 treff for Wicker

For sittande vart det tysk jubel både for kvinner og menn. Anja Wicker, som hadde vunne begge dei to skiskyting-renna tidlegare i veka utan bom, tok sin tredje seier på kvinnene sin 12,5 km. Med to bom søndag enda den populære tyske jenta på 48 av 50 treff under verdenscupfinaleveka i Surnadal.

Wicker kom i mål på 48.46.5, medan russiske Natalia Kocherova på andreplass (tre bom) kom inn på 49.16.3. Lidziya Hrafeyeva frå Hviterussland vart nummer tre. Den hviterussiske jenta skaut feilfritt, og kom inn på 50.17.1.

Martin Fleig tok sin andre seier i skiskyting under verdenscupveka då han fullførte dei 15 kilometra på 49.32.1, med to tilleggsminutt. Aleksandr Davidovich frå Russland tok andreplassen, med tre bom og tida 49.46.5.

Det norske håpet Trygve Steinar Larsen skaut godt og var saman med vinnaren Fleig den einaste som klarte seg med berre to bom. Dermed sikra han seg ein strålande tredjeplass, om lag fem sekund framfor amerikanse Daniel Cnossen på fjerde.

Annonser