BUAcupen 2010; ein knallsuksess!
Heile 23 lag og over 150 fotballspelarar deltok søndag på BUAcupen i Surnadal idrettshall.
BUAcupen er eit årleg arrangement som markerar slutten på årets fotballsesong for Surnadal IL sine aldersbestemte fotballspelarar i alderen 8 -14 år.
Det vart skåra 74 mål og samtlege spelarar fekk to krus i premie. I og med at BUAcupen i fjor vart avlyst grunna frykt for svineinfluensa-epidemi, kunne arrangørane i år dele ut krus for både 2009 og 2010! Takk til velvillige sponsorar som bidra til at dette var mogleg!
Til slutt var det utdeling av ulike grader av teknikkmerket, samt diplomar.
Arrangementet søndag gjekk svært godt, noko som skuldast alle dei velvillige foreldra som bidro med mellom anna bakelssteiking, lynloddsal, speakertjeneste, vakthald, kiosksal, kaffekoking og rydding.
BUAstyret ønskjer å rette ein stor takk til alle, både spelarar, hjelpsame foreldre og ikkje minst publikum, som bidro til ein flott dag i Surnadal idrettshall!
#FORUM#