Andreplass til Nils-Erik Ulset

Oleksandra Kononova (Ukraina) og Vladislav Lekomtcev (Russland) vann skiskyttarsprintane for ståande onsdag. Heimehåpet Nils-Erik Ulset gjekk inn til ein sterk andreplass.

DSC_4322
Oleksandra Kononova tok sin andre seier på to dagar då ho vann skiskyttarsprinten for kvinner, ståande. (Foto: Nathan Lediard / Lediard Foto AS)
DSC_2372
Nils-Erik Ulset gjekk inn til ein flott andreplass onsdag (Foto: Nathan Lediard / Lediard Foto AS).

Verdenscupleiarane Oleksandra Kononova og Vladislav Lecomtcev frå henhaldsvis Ukraina og Russland vann skiskyttarsprintane under verdenscupfinaleveka på Nordmarka tysdag.

Lynraske Kononova, som og vann langrenn i går, bomma ein gong på første skyting og skaut fullt hus på andre. Den eine bommen gjorde at ho låg bak lagvenninna Liudmyla Liashenko ut frå både første og andre skyting, men i mål vart Liashenko slått med 3,5 sekund.

- Veldig fornøgd

- Eg er veldig fornøgd. Løpet vart akkurat slik eg håpa på, og eg er utruleg fornøgd med prestasjonen, fortalte Kononova til utegåande reporter Tormod Vatten på stadion etter rennet, som var på 6 kilometer.

Bak dei to ukrainarane sikra canadiske Brittany Hudak seg sin andre pallplass på to dagar då ho slo Yurika Abe frå Japan med 1,9 sekund.

Sekundstrid bak suveren Lekomtcev

Også for herrane vart det seier til verdenscupleiaren. Russiske Vladislav Lekomtcev skaut feilfritt og gjekk raskt i sporet, og fullførte dei 7,5 kilometrane på 17.20,1. Bak Lekomtcev var det svært jamt, og frå andre- til 6. plass skilte berre 9,8 sekund.

Heimefavoritten Nils-Erik Ulset, som vart heia fram av eit talrikt og svært entusiastisk publikum, skaut og feilfritt. Han låg på fjerdeplass ut frå den første skytinga, og trejdeplass etter skyting nummer to.

Etter ein sterk sisterunde enda Ulset på ein sterk andreplass, 1,1 sekund framfor canadiske Mark Arendz på tredje. 

- Det at publikum heia meg fram heile vegen var til vanvittig hjelp. Eg er kjempefornøgd, seier ein entusiastisk Ulset.

Annonser