Heimelaget tok føringa frå start, og etter to minutt låg den første ballen i nettet bak bortekeeperen. Mari Smevoll kjempa seg gjennom Træfforsvaret og scora sikkert.
Surnadal heldt trykket oppe og kom til mange sjansar den første halvtimen. Berit Bolme var igjennom etter eit farleg tilbakespel til keeper, ballen trilla mot målstreken, men vart redda i siste liten av ein forsvarar.
Så var Gry Norshusstuen frampå med eit farleg raid, ballen gjekk like utanfor.
Så kom dagens finaste angrep,- Malin Livoll Schei forserte oppover på venstre sida. Det flotte innlegget resulterte i ei susar, som strauk stolpen på utsida. Eksekutør var Mari Smevoll. 2 – 0 kom etter 23 minutt. Eit fint gjennomspel frå Gry Norshusstuen ekspederte Mari Smevoll i mål via venstre stolpe.
Nokre minutt seinare fekk vi ein trippelsjanse ved Berit Bolme. Til slutt havna ballen oppe på nettaket.
Det siste kvarteret av omgangen kom Træff meir med i kampen. Keeper, Mari Bøe, hinda utlikning med ei flott redning.
Etter dette kom tre farlege cornersituasjonar framfor heimemålet. Heilt mot slutten av omgangen fekk heimelaget enda ein kjempesjanse. Gry Norsshustuen krangla seg gjennom forvaret, men avslutninga gjekk i stolpen og ut.
Like før dommaren blåste av til pause, var Mari Smevoll farleg frampå igjen, men utan resultat den gongen.
Bortelaget starta best i 2. omgang. Dei hadde initiativet i kampen utan å kome til store sjansar. Etter 65 minutt hadde dei sin farlegaste sjanse, men ballen gjekk like utanfor.
Heimelaget kom seg gradvis høgare opp på banen, og resten av omgangen hadde dei full kontroll på kampen. Mari Smevoll testa godfoten på eit frispark, men ballen gjekk nokre centimeter over tverrliggaren.
Eit par minutt før kampslutt sette Berit Bolme ballen i tverrliggaren. Ein flott kamp av alle på det unge heimelaget, som etter fredagens kamp klatra opp på tabelltoppen i 3. divisjon.
Dagens Sil-spelar: Mari Smevoll
Laget: Mari Bøe, Camilla Kvande, Kari Røkkum, Anne Bøe, Kristine Flo Halle, Malin Livoll Schei, Ingrid Kvenset Hagen, Liv Dannevig, Hanne Heggset, Malin Mossing, Berit Bolme, Gry Norshusstuen, Mari Smevoll, Ingvild Nordby Meese, Ingrid Dannevig
MVh Kristen Halle
Lagledar